
Om oss i HP Bygg
HP Bygg er eit lite tømrarfirma frå Randsverk i Vågå kommune. Firmaet vart starta av Hans Petter Bakke, som er eigar og dagleg leiar. I dag er vi 6 mann, dette nivået skal vi helde oss på. Kvalitet framfor alt og lykkelig som liten
Vår visjon: Det er kvalitet i alle ledd, frå kunden tek kontakt til kunden får nøklane i nevane.
EKSPERTISE OG PROFESJONALISME
HP Bygg AS er eit tømrerfirma med tilhørighet i Vågå. Vi har lang erfaring med alt frå heile hus og påbygg, til rehabilitering av gamle bygg. Vi legg stor vekt på å levere arbeid av høg kvalitet og har eit stort fokus på detaljar. Vårt mål er å alltid yte vårt beste og sikre at kundane våre blir fornøgde.
LISENSIERT OG FORSIKRET
Vi i HP Bygg AS tek ansvar for vårt arbeid og er lisensiert og forsikra for å gje kundane våre tryggheit og sikkerheit. Vi følg alle lovar og forskriftar som gjeld for tømrarfaget, og sørgjer for å halde oss oppdatert på endringar og oppdateringar.
TILPASSET TILNÆRMING
Vi i HP Bygg AS forstår at kvar kunde og prosjekt er unikt, og derfor tilpassar vi vår tilnærming til kvar enkelt jobb. Vi lyttar nøye til kundens ynskjer og behov, og gir råd og veiledning basert på vår ekspertise og erfaring. På denne måten kan vi sikre at vi leverar eit resultat som er skreddarsydd for kvar kunde.
Vårt team
Hels på folka i HP Bygg!

Øystein Stubrud
Sjå meir
Utdanna murar og er med som kombinert tømrar og murar i HP Bygg. "Stubbis" er som poteta og kan brukast til alt. Øystein har ansvar for murar-biten og grunnmur/forskaling, han har også lært seg kunsten å leggja belegg. Med eit energinivå som få, er denne karen god å ha på laget.

Lars Erik Olsen
Sjå meir
Lars Erik har vore med i Hp Bygg sidan dag ein, LEO som vi likar å kalla han har gått byggfag og vore utplassert i HP Bygg gjennom skulegang og fortsette vidare som lærling. LEO har halde i ein hamar sidan han var ein neve stor, han slo faktisk firetomm spiker betre ein dei fleste lærlingar allereie da han var ti år! Dette er ein mann for framtida og vi treng dyktige fagfolk med oss vidare, LEO legg sjela si i arbeidet og er den som aldri seier nei når noko må gjerast

Hans Petter Bakke
Sjå meir
Sambuar og to barn. Bur i Randsverk, porten til Jotunheimen. Har arbeidd som tømrar sidan fyrste sommarjobben i 2000 då han var sommarhjelp. Han gjekk så vegen om byggfag Lom og vidare ut i lære. Etter fagbrevet var på plass fortsatte han å arbeide som tømrar. Etter ti år så ville HP prøva sjølv. Draumen har alltid vore å starte sitt eige firma, realisere nokre visjonar og skape sin eigen arbeidsplass. HP Bygg vart stifta i 2016

Magne Steinehaugen
Sjå meir
Rutine og ei umåteleg arbeidslyst er stikkord for Magne. Magne har fagbrev som møbelsnekkar og er erfaren tømrer i tillegg. Presisjon og nøyaktighet beskriv denne karen godt, det er alltid kvalitet i arbeidet til Magne. Absolutt ein bra mann og ha med på laget i alle ledd

Eirik Fagerheim Tofte
Sjå meir
Eirik er finsnikkar av ypparste rang. "Toftin" har ein heilt særeigen finish på arbeidet sitt. Med mastergrad i listing er han med på alle jobbar frå A til Å.
Ring oss på 944 38 855
